Fyllingsdalen historielag


Lokalhistorie i skulen :

 ”Gammal gjenstand” - elevar som granskar eigne røter 

Over nokre treårsbolkar har nokre av samfunnsfaglærarane på Lynghaug ungdomsskule late elevane på 8. trinn leike historieforskarar. Oppdraget er å halde eit lite foredrag der dei skal fortelje om ein ”Gammal gjenstand”. Dei blir oppfordra til å gå til eldre familiemedlem, ei bestemor eller ein bestefar eller dersom dei er heldige, ei oldemor, kjelder som kan fortelje om spennande gamle gjenstandar som kan gje dei unge innblikk i eigne røter og si eiga familiehistorie. Det treng sjølvsagt ikkje vere ein ”ting”, like gjerne eit minne, eit bilete, eit diplom eller eit brev som det følgjer ei historie med og som høyrer til familien. Eleven er den siste lekken i familiebandet og den førebels siste formidlaren av beretninga eller det gjenstanden kan fortelje.

 

Oppdraget er som oftast eit takknemleg emne i undervisninga. Å intervjue eit eldre familiemedlem skaper kontakt mellom generasjonane, kjeldene er ofte hjelpsame med å finne fram dei gode historiene og set pris på ei slik interesse frå ungdomen. Det er for mange elevar det første foredraget dei held for eit større publikum, og det å snakke om noko nært og merke at det som kan verke som ubetydeleg privat kunnskap samla inn blant nære familiemedlem kan bli spennande foredrag, gir dei tryggleik og sjølvtillit. Dei aller fleste elevane oppdagar at sjølv ei enkel lita kokekanne av blekk blir interessant når oldefaren har hatt henne med på arbeid i Nord-Irak for 80 år sidan. Korleis brukte han kanna på arbeid? Kva slags arbeid kunne det vere? Korleis kokte han i kanna? Kva kokte han? Korleis har ho havna her i landet? Elevane stiller gode spørsmål når gjenstanden går rundt og dei kan klore i sotmerkene på utsida.

Kvifor kanna er blitt viktig for den som har ho no vil stige fram som ny kunnskap for mange: Kvifor tek vi vare på minne? Kva bind familiar og  generasjonar saman? I vårt mobile og fleirkulturelle samfunn blir det spesielt viktig for elevane å sjå og høyre at den nære historia har me alle felles. Bruksgjenstandar og levemåtar som kan vere ulike framstår likevel som uttrykk for same behov, kjensler, aktivitetar og affeksjonar – pyntegjenstandane er like fine same kvar dei kjem frå, bruksgjenstandane har same føremål, brudebiletet uttrykkjer det same om det er teke ein stad i Pakistan eller i Sunnfjord når den personlege historia følgjer med. Verda blir tydeleg mindre. Kulturelle ulikskapar mellom menneske blir viska ut.

Spranget frå den nære familiehistoria til politisk historie kan også bli kort. Ein bestefar har berre fått med seg ein liten gjenstand etter far sin før han måtte rømme landet sitt. Den gjenstanden dukkar så  opp i ein annan verdsdel, her i Dalen,  i eit klasserom i hendene på barnebarnet. Kva tankar kan ikkje det utløyse både  hos forteljar og dei som høyrer på?

2.verdskrigen i Noreg er framleis noko somme har skaffa seg kunnskap om, om ikkje frå primærkjelder så frå besteforeldrene eller foreldrene. Ein kan vise ein gjenstand laga av ein krigsfange, gitt som takksam gåve til ei oldemor som hjelpte. Andre har oldefedre som kjempa aktivt i krigen, anten han var med i aprildagane i 1940 i Hordaland eller han slåst som partisan i Serbia.

 

Emna  er lokale og globale. I ei klasse kan ein faktisk nå alle verdsdelar gjennom lokalhistorisk tilnærming. Dei lange linene kan trekkjast i etterarbeidet etter foredraga: Frå krigs - koloni- og frigjeringshistorie på fleire kontinent til t.d. norsk misjons-, fiskeri- og sjøfartshistorie dei siste 100 åra

Spørsmåla etter foredraga blir mange, og dei ikkje føredragshaldaren har hugsa å stille til si kjelde, blir gjerne stilt av tilhøyrarar, og forteljar må resonnere vidare og kanskje få lyst til å vite meir enn det ho fekk ut av kjeldene ved første samtale, og det ho kan få fortalt på fem minutt. Engasjement og interesse for historie kan bli vekt i ei aldersgruppe som ofte kan ha nok med seg sjølve og dagen i dag!

 

Anders Heien 

 

Opp


 

Sist oppdatert: 14.02.2008
Webansvarlig Anders Heien, epost: anderhei@online.no
Url:www.fyllingsdalenhistorielag.com