Namnet Fyllingsdalen:

”Fyllingsdalen. Dei som måtte meina at namnet kjem frå ei eller anna ”fylling”, må finna seg i å stå utan støtte frå fagfolk. Namnet er ganske gamalt, det går attende til ein gard som låg der. Og den garden er i alle fall kjend frå rundt 1400. Det er altså tvillaust ein mellomaldergard. Den gongen vart namnet skrive med ein l, som `fylingir`. Den enkle l-en provar at det ikkje kan dreia seg om  `fylling`. (Dessutan fanst ikkje ordet `fylling` frå den tida; det er eit ganske moderne ord.)  Ein meiner at namnet er i slekt med eit norrønt verb fela, som tyder å `gøyma, løyna`.Med andre ord skulle då gardsnamnet tyda den bortgøymde, eller løynde, garden. (Ganske parallelt til eit anna kjent namn Løyning eller Lønning.) Ut frå slik dalen ligg, skulle det høva bra som namnein gard nett der.

(Sylfest Lomheim i DT 6.2.09)